Mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.

Han såg ut på dei steinute strender;
det var ingen som der hadde bygt.
”Lat oss rydja og byggja oss grender,
og så eiga me rydningen trygt”

Han såg ut på det bårute havet;
der var ruskut å leggja ut på,
men der leikade fisk ned i kavet,
og den leiken, den ville han sjå.

Fram på vetteren stundom han tenkte:
Gjev eg var i eit varmare land!
Men når vårsol i bakkane blenkte,
Fekk han hug til si heimlege strand.

Og når liene grønkar som hagar,
når det laver av blomar på strå,
og når netter er ljose som dagar,
kan han ingen stad venare sjå.

Mellom bakkar og berg ut med havet
heve nordmannen fenge sin heim,
der han sjølv heve tuftene grave
og sett sjølv sine hus oppå deim.

– Ivar Aasen 1863